torsdag 11. juni 2015
Skammarens Dotter - Intrevju med Dina Tonerre
Eg møter Dina Tonerre i den fattige delen av byen. Ho sitter i skuggen av eit hus bygd av leire. Eg skal snakke litt med ho om det som skal skje med moren hennar. Vi har ikkje mykje tid, ho blir jakta på av vaktane frå borgen.
Dina: "Hei, vi kan ikkje prate lenge, men du kan få litt tid. Eg skjønnar at du er til å stole på, det er det Nico seier."
Eg: "Ja, eg skal ikkje gi deg til vaktane til Drakan. Eg berre lurte på kordan du har klart deg her ute på gata i natt? Det kan ikkje ha vært lett."
Dina: "Eg vart veldig kald i regnet, men gøymte meg under ei stor bakervogn og sovna inntil den varme murveggen til bakeriet. Det var ei anna jente som også sov der, men ho lot meg vere der samans med ho."
Eg: "Kva heite jenta då?"
Dina: "Ho heit Rosa, og ho lot meg få låne nokon av dei gamle kleda hennar etter at mine ble blodige frå drakebittet. Ho var snill med meg."
Eg: "Eg er veldig lei meg for det som skal skje med moren din, Dina. Ho er eit håp i mørket for mange som vil vite sanninga om kva som skjedde. Korleis føler du deg nu, når du veit at de har tengt til å slippe laus ein av Drakans draker på ho?"
Dina: "Det er eit mareritt! Alt i frå då Drakan kom og henta meg til no er ein drøm i forhold til dette... Eg vil berre ha moren min igjen, og eg vil at vi skal dra heim til Davin og Melli og Bjørkeby. Eg vil berre at dette skal ende. Eg veit at det ikkje kan vere sånn, og eg må hjelpe Nico og mor!"
Ho gråter, og vi høyrer roping og tramping frå lengre unna. Det kommer vakter denn vegen. Vi har ikkje noko tid, Dina må beskyttes.
Dina: "Vaktane! Eg må dra nu, eg kan ikkje bli her lengre!"
Eg: "Eg skal nok klare å få håp i dei som ikkje trur på Drakan, og viss du treng hjelp så må du berre komme til meg Dina! Du og Nicodemius!"
Eg sjer på mens Dina Tonerre forsvinn nedover gata og lengre inn i Dunark. Ho vil klare det, det er eg sikker på.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Du set oss rett inn i handlinga i romanen. Fine dialogar! Bra du skriv nynorsk;)
SvarSlett